SKOGFOND
Informasjon om skogfond
Alle skogeigarar er av styresmaktene pålagt å avsette skogfond ved sal av bar- og lauvtrevirke, her også virke til ved og bioenergi. Pengane følgjer eigedomen og utbetalast til skogeigar når han gjer investeringar som er godkjende for bruk av skogfond. Skogeigaren kan også bruke skogfond til å dekke egen arbeidsinnsats ved slike tiltak.
Skogfond trekkast av brutto salspris av virket, og førast som ei utgift i regnskapet. Skogeigaren kan sjølv avgjere kor mykje skogfond som skal trekkast, innan intervallet 4-40 %. På den måten kan skogeigaren tilpasse avsettinga av skogfond etter egen økonomi og kor store investeringar som må gjerast. Dersom skogeigaren ikkje oppgjev noko anna, blir satsen automatisk sett til 10 %. Pengane blir sett på ein egen konto for skogfond for kvar eigedom. Kontoen for skogfond er ikkje renteberande for skogeigaren.
Tiltak som skogfond kan nyttast til:
Med skattefordel (skattefri del ved bruk av skogfond er 85 %):
- Forynging og etablering av skog, her også felt for juletre og pyntegrønt
- Kvalitets- og produksjonsfremmande tiltak (ikkje i felt for juletre og pyntegrønt); ungskogpleie, underskott ved 1. gongs tynning, stammekvisting, gjødsling, grøftereinsk
- Nyanlegg og opprusting av skogsvegar
- Sommarvedlikehald av skogsvegar (ikkje traktorveg)
- Forsikring mot stormskadar og brann på skog
- Skogbruksplanlegging med miljøomsyn
- Oppmerking av eigedomsgrenser og nødvendige handlangarutgifter i samband med jordskifte av skog
- Investeringar i bioenergitiltak (anlegg og utstyr) i knytt til bruket og som bidreg til varmeleveransar basert på eige råstoff eller lokale skogressursar
- Kompetansehevande tiltak knytt til miljøomsyn, skogetablering og skogproduksjon, samt til verdiskaping basert på treprodukt
- Utgifter når det i samband med skogbrukstiltak blir tatt konkrete miljøomsyn knytt til biologisk mangfald, landskapsverdiar, kulturminne og friluftsliv, i område der det blir drive skogbruk
- Alternative avverkingsfremmande investeringar i område der det er fastsett restriktive forskrifter eller vilkår for bygging av skogsvegar. Investeringa skal vere godkjent av kommunen på førehand.
Utan skattefordel:
- Meirverdiavgift (for skogeigarar som fører momsregnskap)
Utbetaling av skogfond
- Skogeigar disponerer skogfondet, og kontoen kan ikkje disponerast utan underskrift frå skogeigaren eller med fullmakt frå skogeigar.
- Utbetaling av skogfond skjer enten som refusjon for utlegg som skogeigaren ha hatt eller som oppgjør til entreprenør/leverandør etter skogeigar sin godkjenning.
- Attesterte fakturaer/bilag sendast til kommunen ved skogbrukssjefen. Ved betaling direkte til entreprenør/leverandør må namn, adresse og bankkonto gjevast opp.
- For betalte fakturaer som skogeigar skal ha refundert, må det oppgjevast om meirverdiavgift også skal refunderast.
- Skogfond kan og nyttast til å dekke skogeigaren sin egen arbeidsinnsats ved tiltak som er godkjent for bruk av skogfond. Oppgåve over eige arbeid med statistiske opplysningar (areal, bonitet, timar osv.) sendast til kommunen for godkjenning.