MILJØPLAN
Miljøplanen er eit verktøy for ein heilskapleg og systematisk gjennomgang og dokumentasjon av miljøarbeid og miljøstatus på føretaket. Dette skal igjen vere utgangspunkt for å planleggje og gjennomføre miljøtiltak.
Ein miljøplan inneheld to steg. Steg 1 har vore obligatorisk for alle som skal søkje produksjonstilskot. Steg 2 gjeld for alle som får produksjonstilskot, og som i tillegg ønskjer å søkje på tilskot gjennom ordninga ”Spesielle miljøtiltak i landbruket” (SMIL-midlar). Kva kvart steg skal innehalde finn du i rettleiingsheftet til søknad om produksjonstilskot under ”Forskrift om miljøplan”.
Gardbrukarar som ikkje har utarbeidd miljøplan, og eventuelt manglar naudsynt materiell, kan ta kontakt med landbrukskontoret. Norsk landbruksrådgivning Gudbrandsdal (tidlegare forsøksringen) vil hjelpe til med utarbeiding av miljøplan. Planen må vere godkjend før søknadsomgangen 20. august.
Vi minner og om at kart skal oppdaterast ved behov, og at sjekkliste og tiltaksplan skal føreligge oppdatert 15. november kvart år.