LANDBRUKSFONDET I NORD-FRON 2011
Nord-Fron kommune har eige kommunalt landbruksfond. Målet er å styrke landbruket. Søknadsfristen er 20. august 2011.
Landbruksfondet er eit kommunalt fond som er oppretta for å styrke landbruket. Fondet gjev tilskot til:
• nydyrking (vilkår om dyrkingsplan som er godkjent etter nydyrkingsforskrifta)
• mindre tiltak ved generasjonsskifte (tiltak som fell utanfor BU- ordninga)
• investeringstilskot til ny drift på nedlagte bruk
• kjøp av mjølkekvote (både ku- og geitmjølk)
• andre formål og tiltak
Søknaden skal vere vedlagt plan- og kostnadsoverslag. Søknad skal sendast landbrukskontoret i Nord- Fron, men stilast til utval for landbruks-, utmarks- og miljøsaker som gjer vedtak. Tiltaket kan ikkje iverksetjast før det er gitt kommunal godkjenning av plan og kostnadsoverslag, og før svar på søknad om tilskot er gjeve. For tilskot til kjøp av mjølkekvote er det nok å levere kvittering på kjøp av mjølkekvote. Søknadsfristen til Landbruksfondet er 20. august 2011.