FLAUMSKADE
Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (gjeld Ringebu og Sør-Fron) kjem her med ei kort orientering om kva ein skal gjere om ein har fått skade på jord, hus og avling etter flaumen.
Foto: Flaumen i pinsa 2011, Fåvang (Anne Berit Grasbakken)
- Skader på fast eigedom; hus og jord, skal grunneigar melde til Midt-Gudbrandsdal lensmannskontor, tlf 61 05 32 10, Nedregate 1, 2640 Vinstra. Lensamnnen administrerer ordninga og prosessen videre. Meld frå før ein starter oppryddingsarbeidet.
- Skader bør også bli meldt til forsikringsselskapet, i alle fall når det gjeld objekt som er dekka av eigen forsikring.
- Avlingsskade skal ein melde til landbrukskontoret, tlf 61 29 92 50. For å utløyse erstatning etter denne ordninga, må skaden overstige eigenandelen på 30% innan kvar vekstgruppe, t.d. korn, grovfôr, potet.