Nyhetsbrev

Ønsker du å bli varslet via E-post om aktuelle nyhetssaker?
Registrer deg her:

Gjør oss bedre!

..og den beste til å hjelpe oss med dette er du som besøker oss. Hva er det du savner?  -Hva kunne vi gjort bedre? Har du nyhetstips? Gi oss en tilbakemelding HER
space

FRIST 1. DESEMBER FOR KJØP AV KUMJØLKKVOTE

ku5Ein vil med dette minne om fristen for kjøp av kumjølkkvote som er seinast 1. desember.

Kjøp av kvote frå staten
Kumjølkkvotar blir omsett innanfor fylke/omsetningsregion. Det er mogleg å melde inn eit kjøpsønske på maksimalt 30 prosent av eigd kvote i kjøpsåret. Minste innmeldingskvantum er 2 500 liter kumjølk.

Kjøp av privat kvote
Ved privat omsetning blir pris avtala mellom kjøpar og seljar. Det skal betalast merverdiavgift på både privat og statleg omsetning av kvotar.

Kjøp av kvote til nyetablering
For meir informasjon om kjøp av kvote til nyetablering sjå Statens Landbruksforvaltning (SLF).

Betaling av kvote
Det skal betalast merverdiavgift på all omsetning av kvote. Ved kjøp av kvote frå staten skal det betalast kr 3,50 ekskl. mva. I tillegg kjem eit administrasjonsgebyr på kr 200 ekskl. mva.

Dersom kvotekjøpet ikkje blir betalt innan fristen, vil retten til kvotekjøpet bortfalle.

Kun eigar av landbrukseigedom med mjølkekvote kan kjøpe kvote. Eigar av landbrukseigedomar som inngår i samdrift kan også kjøpe kvote. Det er eigedomen si eiga kvote som er utgangspunkt for kjøpet, og kvota blir lagt til eigendomen si kvote.

SLF oppfordrar til at søknader om kjøp av kvote blir senda inn elektronisk via Altinn.

For ytterlegare informasjon sjå SLF