FAGMØTE OM GROVFÔR 8. NOV 2011
Tysdag 8. november kl 19 blir det fagmøte om grovfôrsituasjonen ved fôring av sau og storfe på rådhuset i Ringebu. Tema blir fôring av sau og storfe basert på grovfôret etter flaumsommaren 2011. Mange husdyreigarar står framfor ein krevjande innefôringsperiode med både lite fôr og fôr av dårlegare kvalitet enn vanleg.Møtet er ope for alle interesserte. Les meir HER