SMS OM ROVVILTTAP I RINGEBU OG SØR-FRON
Midt-Gudbrandsdal Landbrukskontor sender ut meldinger på sms når det er påvist rovvilttap på beitedyr i Ringebu eller Sør-Fron. Meldingene går til leiarane i beitelaga og til leiarane for fellingslaga. Beitelaga er sjølve ansvarlege for korleis dei distribuerer meldingene vidare til medlemene sine. Det er viktig at beitelaga finn ei praktisk ordning slik at dei raskt får ut informasjon til medlemene.
Når det har vore rovviltangrep, bør alle husdyreigarane som har beitedyr i dette området sjå etter dyra sine så fort som råd for å finne eventuelle fleire kadaver eller skader. Dess tidlegare skade/tap bli oppdaga, dess lettare er det å sette i gang tiltak. Ved funn av skade/kadaver, meld frå til rovviltkontakt straks. For Ringebu og Sør-Fron, ta kontakt med Mogens Lorentzen, mob 476 28 277, eller Christen Bårdsløkken, mob 911 53 729.