OMRÅDETAKST
Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu har etablert samarbeid for å få i stand ny områdetakst for det produktive skogarealet i desse kommunane. Tidlegare er slike takstar gjennomført i Nord-Fron 1991/92, Sør-Fron 1992/93 og Ringebu 1995/96.
Målet med ein slik takst er å registrere data om skogtilstanden som grunnlag for utarbeiding av nye skogbruksplanar på flest mogeleg eigedomar. Ifølge landbrukstellinga fra 1989 er det i alt 930 eigedomar med minst 5 daa jordbruksareal og 25 daa produktiv skog i desse kommunae, 504 i Ringebu og 426 i Sør-Fron.
Trekker ein ut eigedomar med minst 100 daa produktiv skog, viser statistikken at det er 220 eigedomar i Sør-Fron og 390 i Ringebu.
Planane skal vere grunnlag for ei framtidsretta forvaltning av skogressursane på den enkelte eigedom og i området som heilskap. I denne samanheng skal det leggjast vesentleg vekt på næringsmessig utnytting av skogen samtidig som skogen sine funksjonar i forhold til biologisk mangfald, landskap, kulturminne, friluftsliv og klima skal takast vare på og vidareutviklast.
Dei aktuelle kommunane har allereie sett i gang prosessen med komande områdetakst gjennom to møte innanfor det vi kallar GEOVEKST. Geovekst er eit samarbeid mellom vegvesenet, elektrisitetverka, kommunane, staten/ statens kartverk og televerket. Det er også etablert ei felles styringsgruppe for arbeidet. Gruppa består av kommunale og fylkeskommunale skogbruksfunksjonærar og representantar fra skogeigarsamvirke (skogeigarlag). Skogbrukssjef Geir Johan Groven i Nord-Fron er leiar i denne gruppa og med Ronny Hagen som sekretær.
Flyfotografering er eit vesentleg grunnlag for utarbeiding av skogbruksplanar. Dette omfattar også laserskanning for fastsetting av trehøgder og kubikkmasse. Etter planen skal fotografering skje våren/ forsommaren 2009, og sjølve takstarbeidet vil da kome i gang våren 2010.
Skogbruket sin økonomiske andel når det gjeld flyfotografering og laserskanning skal delvis finansierast med rentemidlar fra skogfondet. Andelen som fell på Ringebu og Sør-Fron er fastlagt til ca.kr.700.000,-. Dette er eit stort beløp i forhold til våre budsjett for bruk av rentemidlar, og det vil vere styrande for bruken av rentemidlar i fleire år framover. Men tiltaket er noko av det mest positive og nyttige rentemidlane kan nyttast til.
Dette som ein førebels kort informasjon om ein omfattande, interessant og forhåpentlegvis matnyttig planprosess for skogbruket i Midt-Gudbrandsdalen. Det kjem meire informasjon etter kvart, men eg vil oppfordre alle skogeigarar i Sør-Fron og Ringebu til å leggje seg dette på minne allereie nå. Kva for eksempel med eigedomsgrenser? Det er avgjerande for å kunne skaffe seg ein korrekt skogbruksplan!