Nyhetsbrev

Ønsker du å bli varslet via E-post om aktuelle nyhetssaker?
Registrer deg her:

Gjør oss bedre!

..og den beste til å hjelpe oss med dette er du som besøker oss. Hva er det du savner?  -Hva kunne vi gjort bedre? Har du nyhetstips? Gi oss en tilbakemelding HER
space

LØYVE FOR LEIGEKØYRING MED SNØSKUTER I SØR-FRON

Leigekøyringsløyva for snøskuter i Sør-Fron kommune gjekk ut juni 2009. Løyva vert difor lyste ut på nytt for ein treårsperiode. Søknadsfrist er 12. oktober, og ny løyveperiode gjeld frå 15.11.2009 til 30.6.2012.

Løyve til leigekøyring med snøskuter blir gjeve til fastbuande som vil påta seg følgande køyring med snøskuter i ervervsmessig hensikt (jf Forskrift om motorferdsel i utmark):

- transport mellom bilveg og hytte
- tilsyn med privat hytte på oppdrag frå eigar
- transport for massemedia på reportasjeoppdrag
- transport av funksjonshemma
- transport av ved
- transport etter dispensasjon med medhald av denne forskrifta § 6.

Løyveperioden gjelder fra 15.11.2009 til 30.06.2012.

Søknadsskjema kan ein få tilsend frå Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor, eller ein kan laste ned søknadsskjemaet. Dei som har hatt løyve til å drive leigekøyring fram til juni 2009, får tilsend skjema direkte.

Talet på leigekøyrarar kan bli redusert i forhold til forrige periode. Søknadene blir lagt fram for behandling og vedtak i formannskapet.

Eventuelle spørsmål kan rettast til miljø- og utmarksrådgiver Hans Ulberg på 61 29 92 65 eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Send søknaden til:
Midt-Gudbrandsdal Landbrukskontor, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
eventuelt på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  

Søknadsfristen er 12. oktober 2009.