For nye bønder i Midt-Gudbrandsdal finst det for tida to tilbod om å vere med på mentorordning, og det er:
1. Ei nasjonal utprøving i regi av Norsk Landbruksrådgivning. Søknadsfristen er 1. desember for å delta i 2018. For meir info sjå Norsk Landbruksrådgivning.
2. Ei regional ordning i Midt-Gudbrandsdalen som Primærnæringsutvalet i Midt-Gudbrandsdal står bak. Det er send invitasjon til 20 bønder i regionen, som er nye i 2016 og 2017. Skulle det vere fleire som er interesserte i å delta her, ta kontakt med Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.for meir info. Sjå invitasjonen HER. Frist for melde seg er 4. desember.
Mentorordningen går kort ut på at nye bønder får ein erfaren bonde å diskutere fag og produksjon med. Målet er å å bidra til at den nye bonden får "starthjelp" og moglegheit til å utvikle seg og drifta si.
Illustrasjonsfoto frå eit møte mellom bønder og TINE-rådgjevar for å diskutere fôrkvalitet og fôrproduksjon (Anne Berit Grasbakken)