Det kjem stadig nye bønder til, og som ny kan det vere godt å ha nokon å spørje til råds. Det varierer kva slags nettverk dei nye bøndene har. På ein del gardar er det kårfolk eller naboar som kan vere rådgjevarar, medan det på andre gardar ikkje er nokon å spørje.

For å hjelpe nye bønder har faglaga i Midt-Gudbrandsdal saman med Fylkesmannen i Oppland set i gang eit arbeid for å få til ein mentorordning. I første omgang blir tilbodet sendt til rundt 20 nye bønder for å kartlegge kor mange som ønskjer seg ein mentor. I neste runde skal vi finne personar som vil vere mentorar. Det blir utarbeidd eit opplegg for kvart ny bonde-mentor-par, der dei involverte får avgjere korleis dei skal legge opp arbeidet. Planen er at kvart par kjem i gang utpå hausten 2017, og at det skal vare i eit år. Det blir spennande å sjå kor mange som ønskjer å delta, og kva dei får ut av ordningen.

Unge bønder i Midt-Gudbrandsdal har tidlegare fått tilbod om å delta i ein nasjonal forsøksordning med mentor. Det er Norsk Landbruksrådgiving Innlandet som har ansvar for å gjennomføre dette i Hedmark og Oppland. Totalt er det ti unge bønder som deltek frå dei to fylka. Av desse ti er det berre ein ung bonde frå Midt-Gudbrandsdalen. Faglaga i Midt-Gubrandsdal vil gjerne få med fleire og tilbyr difor sin eigen ordning, retta mot alle nye bønder uansett alder.

Nye bønder får brev i løpet av septmeber.

Dersom du har spørsmål til ordningen, eller om du kan tenke deg å vere mentor, ta kontakt med ein av representantane i Primærnæringsutvalet, eller ta kontakt med Anne Berit Grasbakken på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Desse sit i Primærnæringsutvalet:

Marthe Dypdalen, Nord-Fron Bondelag (leder)

Kjell Arne Kaus, Ringebu Bondelag

Ola Kjorstad, Sør-Fron Bonde- og småbrukarlag

Jan Karenstuen, Nord-Fron Bonde- og småbrukarlag

Ola Rundsveen, Fron Skogeigarlag

Jostein Tromsnes, Ringebu-Fåvang Skogeigarlag

Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL)
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
Postadresse: 
Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron 
E-post: 
postmottak@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 90 00
Org.nr.: 988 450 936

 

Landbrukskontoret i Nord-Fron
Detaljert info: Trykk HER

Besøksadresse:
Landbrukssenteret, Strandgata 54, 2640 Vinstra
Postadresse:
Nord-Fron kommune, Nedregate 50, 2640 Vinstra
E-post adresse:
post@nord-fron.kommune.no
Telefon: 61 21 61 90
Org.nr.: 839 893 132

 

Midtdalsbonden – for landbruket i Midt-Gudbrandsdal
Webredaktører:

Anne Berit Grasbakken
E-post: fmopabg@fylkesmannen.no
Telefon: 61 29 92 57

Ragnhild Sperstad
E-post: ragnhild.sperstad@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 52

Hilde Hammer
E-post: hilde.hammer@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 92 65

 

Tips andre!