HANDLINGSPLAN FOR LANDBRUKET
Bondelaga, småbrukarlaga, skogeigarlaga og landbrukskontora laga hausten 2004 Handlingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2005 - 2008.
Hausten 2008 vart planen rullert, og finst i ny utgåve, Handlingsplan for landbruket i Midt-Gudbrandsdal 2009 - 2012.
Primærnæringsutvalet har prioritert følgande tiltak frå handlingsplanen for 2009 og 2010:
- Produksjon av flis til strø og talle
- Info til politikarar
- Samarbeid med reiseliv
- Dyrevelferd
I 2011 gjennomfører Primærnæringsutvalet følgande tiltak:
- 1. Arrangere trafikksikkerheitsdag 20. august
- 2. Sette i gang eit prosjekt om kulturlandskap og bioenergi frå hausten 2011
- 3. Samarbeide med Midt-Gudbrandsdal Næringsforening
Primærnæringsutvalet som har ansvar for oppfølging av planen er sett saman av følgande representantar:
Petter Spjotum, Fron Skogeigarlag (leiar)
Jostein Tromsnes, Ringebu-Fåvang Skogeigarlag
Oddgeir Skansgård, Sør-Fron Bonde- og småbrukarlag
Therese Rudi, Ringebu-Fåvang Bonde- og småbrukarlag
Knut Thujord, Fåvang Bondelag
Marthe Dypdalen, Nord-Fron Bondelag
Bakgrunnen for at planen vart laga, var å synleggjere korleis landbruket sjølv ønsker å utvikle seg som næring. Planen har følgande hovudmål: I Midt-Gudbrandsdalen skal vi ha eit offensivt landbruk der primærlandbruket utgjer grunnlaget. Vi vil vidareutvikle landbruksnæringa og bygge alliansar for å oppretthalde busetting og sysselsetting, og for å skape optimisme og framtidstru.
Første del i planen skildrar situasjonen i landbruket i Midt-Gudbrandsdal. Det er brukt ein del statistisk materiale som syner status og utvikling dei siste åra.
Deretter inneheld planen ulike kapittel som tek for seg følgande:
- Moglegheiter og utfordringar
- Mål for landbruket i Midt-Gudbrandsdal
- Satsingsområde
- Tiltak
Primærnæringsutvalet er ansvarleg for oppfølging av planen. Utvalet prioriterer og gjennomfører eit eller fleire tiltak kvart år. Fylkesmannen sin regionmedarbeidar i Midtdalen har sekretariatet.