MØTE OM DYREVELFERD 26. OKTOBER PÅ RUDI GARD
Tysdag 26. oktober 2010 var det møte om dyrevelferd på Rudi gard i Sør-Fron. Målet med møtet var å bidra til dialog for å førebygge dyrevernsaker. Om lag 60 personar deltok, noko som arrangørane vart godt nøgde med!
Illustrasjonsfoto (Anne Berit Grasbakken)
Mattilsynet starta med å informere om den nye dyrevelferdslova som tok til å gjelde frå 1.1.2010, og som avløyser den tidlegare dyrevernlova. Eit av dei nye momenta i lova er varslingsplikta. Dersom ein har mistanke om at dyr ikkje har det bra, har alle ei plikt til å varsle Mattilsynet. Elles vart det understreka at Mattilsynet driv både informasjon og veiledning, for å forebygge, og at dei ønsker samarbeid med andre.
Sauebonden Karstein Bergset frå Østerdalen har sjølv opplevd å bli sjuk, og har fått erfare korleis dette kan gå ut over dyrestellet. Han fortalde ei gripande historie om korleis han satsa for stort som ung bonde, og korleis det etterkvart vart for stort press slik at han vart sjuk og ikkje greide å ta seg av dyra sine. Han la ikkje skjul på at dyretragedien var eit faktum i fjøset hans. Dyra vart avmagra på grunn av mangelfull foring og stell, produksjonen gjekk ned og økonomien vart deretter. Han var så heldig å ha gode kameratar som stilte opp og hjelpte han både med time hos psykolog, med å rydde opp i fjøset og få skikk på dyrehaldet og økonomien. I dag er han frisk att og driv for fullt som sauebonde. Bergset rosa Mattilsynet for å ha vorte flinkare til å møte mennesket bak dyretragedien.
Etter kaffipausa vart det paneldebatt og moglegheit for publikum til å stille spørsmål. Mange av spørsmåla var retta mot Mattilsynet. Det var og fokus på korleis næringa og aktørane rundt, saman med Mattilsynet kan samarbeide for å avdekke moglege dyretragedier i ei tidleg fase. Det vart nemnd av fleire at når ein husdyrbrukar kjem i ein vanskeleg situasjon, det kan vere sjukdom, samlivsbrot eller dårleg økonomi, er det viktig at alle rundt bryr seg på ein positiv måte. Landbrukets HMS-tjeneste er avhengig av å vite kven som eventuelt treng hjelp før dei kan ta kontakt. Mattilsynet er og avhengige av å bli varsla.
Elles kom det forslag om at dei lokale dyrevernnemndene bør har større moglegheit til å reise rundt på besøk sidan dei har lokalkunnskap. Oppland Bondelag foreslo at dei saman med Oppland Bonde- og småbrukarlag kan summere opp erfaringar som er gjort så langt når det gjeld forebyggande arbeid. Mange av paneldeltakarane peikte på at dialog er viktig for eit godt samarbeid, og fleire sa at sosiale nettverk for bonden er viktig sidan han/ho ofte har ein einsam arbeidskvardag. Til slutt kom det ei klar melding til alle bønder om at det er viktig å ta seg fri av og til!
Magnhild Bruheim leia møtet på ein strukturert og god måte. Arrangørar var Primærnæringsutvalet i Midt-Gudbrandsdal i samarbeid med Fylkesmannen i Oppland.
Sjå programmetfor møtet her.